(NPK): Marine Harvest, som er størst på lakseoppdrett, satsar tungt på lukka anlegg i sjø. Med ny teknologi håpar verksemda å kunne produsere billigare og meir laks enn i dag.
Anlegga ser ut som store egg i glasfiber på 33 meter i diameter, utvikla av teknologiselskapet Hauge Aqua. Egga stikk åtte meter over vassflata, og 37 meter under vatn. Kvart egg har kapasitet til å produsere 1.000 tonn laks om gangen.
– Dette kan vere måten å produsere fisk på i framtida, seier konsernsjef Alf-Helge Aarskog til Bergens Tidende.
Går alt etter planen, kan slike egg i framtida erstatte dagens oppdrettsmerdar. Målet til Marine Harvest er å produsere billigare enn med dagens opne teknologi.
Ein pilot skal testast i haust. Til neste år skal eit egg i full storleik testast i eit eksisterande anlegg, og viss resultata er tilfredsstillande, vil selskapet i 2018 fylle ein lokalitet med ti egg.
Kostnadsramma er førebels på 600 millionar kroner.
– Vi trur det er mogleg å produsere billigare på denne måten. I dag avlusar vi fem til ti gonger per generasjon og dette kostar oss tre til fire kroner per kilo produsert fisk. I tillegg vil vi med dette systemet få meir kontroll med fôrbruk, vi unngår rømmingar og vi vil forhåpentleg ha ein jamnare produksjon, seier Aarskog til avisa.
Onsdag sende han av garde 14 søknader på såkalla utviklingsløyve. Dette er løyver styresmaktene deler ut gratis til oppdrettarar som vil teste ut ny teknologi. Løyva er i første omgang gratis, i motsetning til vanlege oppdrettskonsesjonar som kan koste mange millionar kroner. (©NPK)

Publisert: 11.02.2016 13:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48