Kort fortalt

Trur på lavare straumpris

Mykje vind i Europa hjelper.

30.12.2022

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt forventar ein straumpris på under 2 kroner i snitt i Sør-Noreg resten av vinteren.

I desember har straumprisen i Sør-Noreg svinga frå 6-7 kroner per kWt i starten av månaden til mellom 1 og 2 kroner i romjula.

– Det er mykje vind i Europa og vi kan importere mykje straum og spare på vatnet i magasina. Situasjonane er vesentleg betre enn han har vore, seier Reier Lilleholt til Agderposten.

Han forventar ein kraftpris på under 2 kroner i snitt før avgifter i januar og februar.

– Så blir sjølvsagt temperaturen viktig. Prisane vil løfte seg om det blir veldig kaldt igjen.

Publisert: 30.12.2022 09:04

Sist oppdatert: 30.12.2022 09:05

Mer om