Kort fortalt

Trur på raskare tempo for fornybar kraft

Støre om konsekvensane av Ukraina-krigen.

16.08.2022

(NPK-NTB): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) trur krigen i Ukraina og utfasing av russisk gass fører til ein akselerasjon av fornybar kraftproduksjon i Europa.

Det sa Støre etter møtet sitt med Tysklands statsminister Olaf Scholz måndag.

På spørsmål frå NTB om kampen mot klimaendringane og det grøne skiftet blir nedprioritert i ei kortsiktig jakt på lågare energiprisar, svarte Støre at han paradoksalt nok trur at krigen i Ukraina og utfasing av russisk gass, vil bety ein akselerasjon av fornybar kraftproduksjon i Europa.

– Viss vi tek politisk ansvar, kan vi raskare nå klimamåla ved å investere i dei nye fornybare kjeldene som havvind, sol, vind og land, sa Støre.

Han sa vidare at han i dagens situasjon har forståing for at land må treffe tiltak som er krisetiltak på kort sikt.

– At det i ein overgang kan det vere nødvendig til dømes å gjere som Tyskland, at ein har ei viss forlenging av kolkraft, sa Støre.

– Men det kjem ikkje til å bremse farten med utviklinga av det fornybare. Derfor har eg større tru no på at vi kan nå dei måla. Men det kjem til å krevje at vi byggjer ut nettkapasitet for at ny fornybar kraft kan transporterast til industri og hushald, sa han.

(©NPK)

Publisert: 16.08.2022 10:34

Sist oppdatert: 16.08.2022 11:06

Mer om