(NPK: – Me ser i dag konsekvensane av ein overgang som ikkje var godt nok planlagt. Då dei nye retningslinjene kom i sommar var mykje uavklart. Mange aktørar visste ikkje kva roller dei skulle ha, og fiskarane visste verken kva eller kven dei skulle vende seg til, seier seniorrådgivar Joakim Martinsen i Norges Fiskarlag til Fiskeribladet Fiskaren.
Han fortel at trass i lang planleggingstid på førehand, er fleire praktiske sider ved opplæringa ennå ikkje på plass.
– Og bidraget til den nye regjeringa var å kutta det offentlege tilskotet til tryggingsopplæring frå 15 til sju millionar kroner. Det er eit kutt Fiskarlaget finn vanskeleg å akseptera, seier Martinsen.
Etter at opplæringa i sommar blei flytta frå ambulerande opplæring med eit eige kursskip til åtte landbaserte opplæringssenter, er reisevegen blitt lang, og dermed blir kurset kostbart for mange fiskarar.
– Hovudmålet for oss i Fiskarlaget er at me får ei tryggingsopplæring som er tilpassa behovet til fiskerinæringa, seier Martinsen.

Publisert: 19.02.2014 13:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21