(NPK): Urapportert dumping av store mengder torsk er avdekt i Finnmark etter storaksjon.
Oppsamling av død og delvis oppløyst fisk var noko av det Fiskeridirektoratet og Kystvakta fann under levandelagringsmerdane i Finnmark i vår og sommar, fortel Fiskeribladet Fiskaren. På eitt av anlegga blei mellom fire og fem tonn død torsk dumpa utan at det vart rapportert inn.
Det er fiskarane som eig fisken medan han er i merdane, og dermed vart fartøya melde til politiet.
Ifølgje politiet er det så mange mistenkte fartøy at dei ikkje ønskjer å gå ut med namna. Saka er framleis under etterforsking
Styresmaktene og forskarane oppfordrar til meir levandelagring for å jamne ut torskesesongen. Og dei siste åra har det dukka opp stadig fleire «torskehotell». Anlegga må rapportere inn fisken som døyr i merdane, men i Finnmark vart det rapportert om lite død fisk, noko Fiskeridirektoratet fann mistenkjeleg. Og det var det som utløyste aksjonen. (©NPK)

Publisert: 17.11.2016 14:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43