Tussa ikt pris Øyvind Dahl Vegard Løvberg Magnus Grimstad Magnus Lande Foto Tussa IKT
PRISTUDELING: (frå venstre) Øyvind Dahl, Vegard Løvberg (begge Fortinet), Magnus Grimstad og Magnus Lande (begge frå Tussa IKT). Foto: Tussa IKT
Kort fortalt

Tussa vann pris for it-tenester

Til topps i landsdekkjande konkurranse.

Marius Rosbach
01.02.2023

Tussa IKT vann prisen som årets «managed service partner» under ei kåring i regi av Fortinet, ifølgje ei pressemelding frå selskapet.

Samarbeidspartnarane nettverksleverandøren til var førre veke samla for å diskutere nye it-produkt og -tenester – og for å kåre dei beste selskapa.

– Vi er særs nøgde med samarbeidet med Fortinet og er stolte over å motta prisen. Vi har eit mål om å levere dei beste løysingane til kundane, og det å vinne denne prisen i konkurranse med store landsdekkjande aktørar er inspirerande, uttaler administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

Årets MSP-partnar var ein av fleire prisar som vart delte ut til samarbeidspartnarane under samlinga.

Publisert: 01.02.2023 12:58

Sist oppdatert: 01.02.2023 13:07

Mer om