Ivar Driveklepp Tussa IKT
HAR LEIA SELSKAPET I 20 ÅR: I fjor feirar torsdag sine første 20 år. Ivar Driveklepp har leia selskapet sidan starten, og opplevd ein enorm vekst. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Treng ti nye tilsette – i første omgang

Eitt av dei største fagmiljøa i regionen, trur Tussa IKT-sjefen er mellom suksessfaktorene i rekrutteringa.

Marius Rosbach
04.04.2022

Tussa IKT skal tilby nettskyløysinga Microsoft Azure og treng fleire tilsette for å handtere veksten som følgje av satsinga.

Dotterselskapet i Tussa-konsernet opplyser i ei pressemelding at dei ventar ei omsetning på kring 50 millioner frå Azure-tenestene.

I tilegg skal Tussa IKT halde fram med satsinga på sitt eige datasenter, i tillegg til it-tryggleik og servicedesk.

Jaktar minst ti nye tilsette
Selskapet har i første omgang behov for kring ti nye tilsette. Stillingane gjeld alt frå rådgjevarar og sikkerheitskonsulentar til løysingsarkitekt og Azure-konsulentar og blir lyst ut i løpet av kort tid.

Dei nye tilsette vil jobbe anten ved hovudkontoret i Ørsta, eller i Ålesund, Stryn eller Fosnavåg.

Peiker på fagmiljø som lokkemiddel
Sjølv i ein stram arbeidsmarknad har Tussa IKT opplevd at rekrutteringa har gått veldig bra, fortel administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT til NETT NO.

Etter fleire år med jamn vekst er dei oppe i 82-83 tilsette. Knappast noko selskap på Nordvestlandet har eit tilsvarande fagmiljø.

– Det at vi er mellom dei største aktørane regionalt er eit godt utgangspunkt for å rekruttere. Saman med at vi er ein solid arbeidsplass med solide eigarar som vil satse, så vil det trigge ein del folk til å søke, seier Driveklepp.

– At vi satsar på ein ny type plattform, håpar vi også skal vere med å gjere oss til ein interesssant arbeidsgivar, legg han til.

Auka lønnsemd
Tussa IKT har opplevd solid vekst sidan dei satsa på eige datasenter i 2015. I fjor omsette it-området i selskapet for 100 millionar.

Frå 2015 til 2020 har omsetninga for selskapet auka med drøygt 50 prosent til 225 millionar i det siste offentlege rekneskapen.

Lønnsemda skaut i veret i 2019 og 2020. Overskot før skatt desse åra var høvesvis på drygt 19 og nær 28 millionar kroner.

Publisert: 04.04.2022 16:08

Sist oppdatert: 04.04.2022 16:11

Mer om