Ivar Driveklepp Tussa IKT
JUBILEUM: Tussa IKT feirar torsdag sine første 20 år. Ivar Driveklepp har leia selskapet sidan starten, og opplevd ein enorm vekst. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Skal vekse meir både regionalt og nasjonalt

Tussa IKT feirar sine første 20 år, aukar staben og utvidar satsingsområdet.

20.10.2021

- Spesielt har vi stor tru på å kunne vekse innanfor IT-sikkerheit og skytenester. Her tenker vi ikkje berre regionalt, men nasjonalt.

Det seier adm. dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

Han har vore med heilt sidan starten då dåverande Tussa Telit vart starta opp i 2001.

- Då var vi sju tilsette og hadde nær null i omsetning. No har vi 80 tilsette, omset i år for rundt 235 millionar kroner, og skal vekse vidare.

Gjekk inn i Enitel
Men det heile starta eigentleg i 1997 då det statlege telemonopolet vart oppløyst. Private aktørar som Enitel kom inn for å byggje ut fiber. Dette selskapet gjekk konkurs, men Tussa hadde då kjøpt ein liten aksjepost og stod igjen med eit nasjonalt fibernett som gjekk gjennom selskapet sitt område.

- Vi hadde då ei eiga telematikkavdeling på sju mann, som i hovedsak jobba med fjernstyring av kraftstasjonar og trafoar.

- I tillegg hadde vi mange kraftkundar, og vi tenkte at her kunne vi byggje ut eit breibandsnett i eigen regi.

Ålesund-oppkjøp
Dette vart løysinga og i 2002 stod Tussa IKT bak bygginga av 60 telesentralar som ein del av ADSL-satsinga, og la telekablar inntil hus via koparnettet til Telenor, eit koparnett som no er i ferd med å verte fjerna heilt.

- Men vi såg etter kvart at vi trengde meir IT-kompetanse og kjøpte difor opp Netway i Ålesund, seier Driveklepp.

Men den store satsinga kom i 2008 då Tussa-styret vedtok at selskapet skulle leggje fram fiber til alle husstandar og bedrifter i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.

- Første fase i satsinga kosta 200 millionar kroner, seier Driveklepp.

14.200 husstandar
Etter kvart kom det også TV inn på nettet, og Tussa IKT etablerte samarbeid med Get, seinare Telia.

14.200 husstandar er no på Tussa-fiber, i tillegg til 900 bedrifter.

- Ein enorm vekst, seier Driveklepp.

Løysingssenteret vart etablert i 2013, og tel no vel ti tilsette som løyser utfordringar for kundane.

Og i 2015 kom opninga av det nye datasenteret, eit senter som vert marknadsført som grønt ettersom varmen frå datamaskinene vert brukt til å varme opp Tussatun.

- Stadig fleire er opptatt av at vi har eit grønt datasenter, og vel oss av den grunn, seier Driveklepp.

- Spesielt gjeld det kundar utanfor vårt primære satsingsområde.

Kundar i Bergen og Oslo
No er 50 prosent av kapasiteten ved senteret brukt, og 235 bedrifter har heile eller deler av sine data lagra ved senteret.

- Dei fleste er frå Sunnmøre og Romsdal, men vi har også kundar frå Bergen og Oslo, i tillegg til nokre få i utlandet.

Hytteeigarane krev etter kvart fibertilknytning, og det skal vi levere
Ivar Driveklepp

Gaming
Aktørar som Netflix har også avtale med Tussa IKT.

- Det er viktig å liggje nær kunden. Det dreier seg om sikkerheit, men også om hastigheit.

- Spesielt gjeld det for det raskt veksande gamingmiljøet. Sjølv om det er snakk om millisekund, kan det avgjere om ein vinn eller taper.

Hyttefolk vil ha fiber
Nyleg kjøpte Tussa opp Stryn Energi og skal satse meir i Stryn. Spesielt gjeld det inn mot hyttefelta.

- Hytteeigarane krev etter kvart fibertilknytning, og det skal vi levere.

Selskapet har i det siste bygd ut fiberfelt i Bondalen og på Vartdal.

- Dette er ein del av dugnadskonseptet, der grunneigarane gjerne grev grøftene sjølve, og vi tar oss av resten. Slik får vi ut fiber til alle.

Avanserte hackarar
Driveklepp seier at IT-sikkerheit vert stadig meir i fokus, og det er her den store veksten kjem. Tussa IKT har utvida med tre tilsette i år. Han fekk dei han ville ha.

- Vi var heldige, men det er stor etterspørsel etter IT-folk over heile landet.

- Hackarane vert stadig meir avanserte, og vi er nøydde til å liggje i forkant.

Publisert: 20.10.2021 16:11

Sist oppdatert: 20.10.2021 17:17