(NPK-NTB): Den opphavlege budsjettramma for Goliat var 30,8 milliardar kroner då plan for utbygging og drift, den såkalla PUD-en, vart levert i 2009. I statsbudsjettet i fjor var kostnaden berekna til 46,7 milliardar, noko som blir bekrefta i statsbudsjettet som regjeringa legger fram onsdag. Her vil prisen ha nærma seg 47 milliardar, skriv .
Avisa skriv at Goliat-operatør Eni, med 65 prosent eigardel, sende inn sine tal til regjeringa i juni, og at desse viser ein pris som er relativt uforandra frå i fjor. Men det er antatt at Goliat-prosjektet kan komme til å bikke 47 milliardar kroner etter indeksregulering.
Samtidig fortset millionane å renne ut, utan at produksjonen frå feltet har starta, skriv avisa.
– Ser ein på heile prosjektet vil eg tru vi må sjå ein gjennomsnittleg oljepris på nærare 100 dollar fatet for å sjå ei god avkastning, seier oljeanalytikar Christian Yggeseth i Arctic Securities.
Goliat-feltet ligg i utvinningsløyve 229 som vart tildelt i Barentshavsrunden i 1997. Den avslåtte totalproduksjonen er på 170 millionar fat oljeekvivalentar over ein periode på 15 år. Antatte gassreservar er 8 milliardar standard kubikkmeter. (©NPK)

Publisert: 05.10.2015 07:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50