Kort fortalt

Tyrholm & Farstad vann i retten

Ikkje ansvarleg for illeluktande fisk.

04.09.2023

Tryg Forsikring kravde erstatning frå spedisjonsselskapet Tyrholm & Farstad etter at ein kunde i Portugal nekta å ta i mot fisken frå Møre Codfish på Ellingsøya.

Tyrholm & Farstad organiserte transporten, og forsikringsselskapet meinte Tyrholm & Farstad måtte dekke erstatningsutbetalinga Tryg Forsikring måtte ut med for tapet Møre Codfish leid. Kravet frå Tryg Forsikring mot Tyrholm & Farstad var på 135.358 euro.

Tingretten ikkje samd med Tryg Forsikring i kravet, og no har lagmannsretten kome fra til same dom og forkasta anken. Tyrholm & Farstad er ikkje erstatningsansvarleg eller å klandre.

Kunden i Portugal ville ikkje ha fisken på grunn av ei lukt som kom frå lasten som var i containeren frå førre transportoppdrag den var i, som inneheldt det kjemiske stoffet styren.

Før innlasting i Noreg vart containeren vaska og ingen lukt registrert, men undersøkjinga etterpå viste at stoffet truleg låg att i kjøleaggregatet og vart frigitt då det vart kobla på i samband med skipstransporten sørover.

Publisert: 04.09.2023 14:00

Sist oppdatert: 05.09.2023 21:08

Mer om