Samskip godstransport innfelt sverre andreas farstad 11
ERSTATNINGSKRAV: Spedisjonsselskapet der Sverre Andreas Farstad er styreleiar, skal møte i Møre og Romsdal tingrett, etter at ein fiskelast på eit Samskip-fartøy blei øydelagd. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Strid om forureina fiskelast i retten

Tyrholm & Farstad har fått krav om erstatning mot seg etter at ein konteiner med fisk vart øydelagt.

Marius Rosbach
21.11.2022

Neste månad må Ålesund-firmaet Tyrholm & Farstad møte i Møre og Romsdal tingrett for å svare for eit erstatningskrav frå Tryg Forsikring.

Bakgrunnen for saka er at ein konteiner med fisk vart øydelagt under transport til sjøs. Advokat Anders Svinø frå Judicia i Ålesund representere Tyrholm & Farstad, medan forsikringsselskapet er representert av Oslo-firmaet Ræder.

- Konteineren skal tidlegare ha vore lasta med «RS Polyliner», som er duk av lin og polyester, og som inneheld den kjemiske komponenten styren. Det har gjort at fisken blei forureina, fortel Svinø NETT NO.

Retten skal ta stilling til kven som har ansvaret for at lasten blei øydelagt, og kor mykje erstatning eigaren skal få utbetalt.

- Hovudspørsmålet er om det er transportøren Samskip som er ansvarleg, eller om Tyrholm & Farstad kan definerast som ansvarleg transportør. Tyrholm & Farstad meiner at dei berre har formidla transport, som speditør, og at det ikkje er grunnlag for ansvar mot dei, seier Svinø.

Det er sett av to dagar til hovudforhandlingar 14. og 15. desember.

Publisert: 21.11.2022 08:58

Sist oppdatert: 21.11.2022 09:03

Mer om