(NPK): Statkraft, Agder Energi, Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK) og Skagerak Energi sel seg alle ut av Småkraft AS og overlèt alle aksjane til det tyske investeringsfondet Aquila Capital.
Småkraft er det største småkraftselskapet i Noreg med 45 kraftverk i drift, 15 under bygging og over 100 på planleggingsstadiet. Den årlege produksjonen er på over 500 GWh, nærare 2,5 prosent av den samla kraftproduksjonen i Noreg.
Aquila Capital er frå før heileigar i småkraftselskapet Norsk Grønnkraft og deleigar i Tinfos (36 prosent) og Jørpeland Kraft (33 prosent).
Småkraft byggjer ut vasskraft i samarbeid med grunneigarar og leiger fallrettane av dei. Grunneigarane kan så overta både fallrettar og kraftverk når leigeperioden går ut. Eigarskiftet påverkar ikkje avtalane med grunneigarane.
Kjøpet skal vere gjennomført før nyttår. (©NPK)

Publisert: 11.11.2015 11:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50