Kort fortalt

Tøffare arbeidsliv

Vald og truslar i arbeidslivet dobla på tre år.

11.03.2016
(NPK): Talet på personar som er skadde på grunn av vald og truslar på jobben er dobla på tre år. Tilsette i helse- og sosialsektoren og offentleg administrasjon er mest utsette.
Det går fram av ein ny rapport frå Rapporten viser vald- og trussel-hendingar i perioden 2011– 2014, som er melde inn til tilsynet. Arbeidstilsynet ønskjer å førebyggja utviklinga.
– Vi ser ein aukande tendens til vald og truslar i arbeidslivet, og dette er ei utvikling vi vil bidra til å motverka. Førebygging av vald og truslar er difor ei av hovudprioriteringane til Arbeidstilsynet i 2016, seier direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet.
Tilsyn i fengsel og barnevernsinstitusjonar er blant dei fremste tiltaka. Her vil tilsynet mellom anna kontrollera at arbeidsgjevar gjer det som skal gjerast for å verna arbeidstakarane mot vald og truslar.
Arbeidstilsynet skriv vidare at alle arbeidstakarar som kan bli utsette for vald og truslar, skal ha opplæring og øva på korleis dei kan dempa og handtera episodar. Det blir også streka under at det er viktig å følgja opp tilsette som har blitt utsett for slike påkjenningar, for å førebyggja psykiske helseskadar. (©NPK)

Publisert: 11.03.2016 11:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47