Kort fortalt

Ulik pensjonsmodell

Pensjonsmodellen i industrien kjem menn til gode.

20.01.2016
(NPK-NTB): Fellesforbundet og Norsk Industri er samde om ei pensjonsløysing som gir lågare årleg utbetaling for kvinner enn menn.
Foreiningane kunngjorde tysdag at dei er samde om ein modell for innskotsbasert tenestepensjon der arbeidstakarane sjølve må opprette ein personleg pensjonskonto.
Ettersom kvinners forventa levealder er høgare enn menns, vil ei slik marknadsbasert livsvarig innskotsløysing innebere at den årlege utbetalinga blir lågare for kvinner, så lenge innskota er dei same, skriv .
– Med denne modellen vil kvinner få noko lågare pensjon per leveår som pensjonistar, fordi kvinner i dag lever lenger enn menn, seier pensjonsekspert Tor Sydnes i rådgjevingsselskapet Gabler til avisa.
Slik er situasjonen også i dag. Men før lønnsoppgjeret for to år sidan var målet til LO-leiar Gerd Kristiansen at forskjellen mellom menn og kvinner skulle utliknast. Ho tok då til orde for ein modell der arbeidsgjevarane etablerer breie, kollektive pensjonsordningar med like mange kvinner og menn.
Ingen i LO-leiinga ønskte å kommentere saka overfor DN tysdag. Både Fellesforbundet og Norsk Industri seier dei er svært godt fornøgde med forslaget. (©NPK)

Publisert: 20.01.2016 10:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49