Kort fortalt
Ulstein-designa skip på grunn
Hjelp kjem ikkje før fredag.
13.09.2023
Det Ulstein-designa ekspedisjonsskipet «Ocean Explorer» gjekk på grunn utanfor kysten av Grønland måndag.
Det skriv ei rekke mediekanalar – mellom anna Vikebladet.
Dei 206 passasjerane om bord må vente til fredag før den danske kystvakta sitt inspeksjonsfartøy «Knud Rasmussen» kjem til staden.
Turoperatøren Aurora Expeditions, opplyser til Sky News at både passasjerane og mannskapet har det bra.
Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions og er bygde ved eit av CMHI sine verft i Kina.
Publisert: 13.09.2023 12:46
Sist oppdatert: 13.09.2023 12:46