Kort fortalt
Ulstein-tilsett til sak
Meiner seg usakleg oppsagt.
08.09.2021
Ein tidlegare tilsett i Ulstein Design & Solutions og Ulstein verft, har saksøkt sin tidlegare arbeidsgivar, melder Vikebladet Vestposten.
Ifølgje advokatfullmektig Malin Endresen Rogne representerer NITO, Norges Ingeniør og Teknologorganisasjon. Ho fortel at dei meiner vedkomande blei usakleg oppsagt i samband med ein nedbemanningsprosses. Den tidlegare tilsette vil også krevje erstatning, ifølgje rettspapira.
Ulstein Group har ingen kommentar til saka, opplyser kommunikasjonssjef Tonje Øyehaug Ruud til avisa.
Det er sett av tre dagar til saka i Møre og Romsdal tingrett i desember.
Publisert: 08.09.2021 13:20
Sist oppdatert: 08.09.2021 13:22