Kort fortalt

Ulsteindåp i Japan

Det første av ein serie på fire ankerhandteringsfarty med Ulstein-design er døypt i Japan.

19.05.2016
Deter japanske Niigata Shipbuilding & Repair som bygger slepebåt/ankerhandteringsfartya for ALP Maritime Services, eit underselskap av Teekay Offshore Partners L.P.
Skipa er av SX157-designet, og er ein del av ALP si ‘Future class’. Skipa har ei servicefart på 13 knop og ei toppfart på 19 knop. Med ein drivstoffkapasitet på meir enn 3500 m3, kan dei taue for full kraft i 45 dagar, noko som gjer at dei kan utføre oppdrag på tvers av dei store verdshava utan noko opphald, skriv Ulstein Group i ei pressemelding.
Skipa er 88,9 meter lange og 21 meter breie.

Publisert: 19.05.2016 17:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46