(NPK): Fiskeridirektør Liv Holmefjord vil slutte om ho ikkje får eige oppdrettsaksjar. Ho eig aksjar i eit familieselskap som driv med oppdrett. Dersom det ikkje er greitt, må ho slutte i jobben, meiner ho sjølv.
Det seier fiskeridirektøren i eit intervju med .
Gjennom selskapet PH2 Invest AS eig Holmefjord 9,62 prosent av familie-oppdrettsbedrifta Bolaks i Hordaland, samtidig som ho er sjef for forvaltnings- og tilsynsmyndigheita som legg føringar for – og har tilsyn med heile den norske oppdretts- og fiskerinæringa.
– Når det gjeld habilitet, har vi halde oss til forvaltningslova. Det er det vanlege i forvaltninga, og det var tema då eg blei utnemnt. Dersom det ikkje er foreinleg med jobben min som fiskeridirektør at eg eig aksjar i familieselskapet, må eg slutte i jobben. Eg har fått spørsmål om det å selje meg ut. Men eg vil vere like inhabil i forhold til Bolaks om eg sel aksjane mine, fordi dette er eit familieselskap, kommenterer Holmefjord til avisa.
Mattilsynet meiner det har skjedd fleire regelbrot då opp mot 400.000 laks i to oppdrettsanlegg i Fusa i Hordaland døydde. No varslar dei om redusert produksjon.I det eine anlegget aleine døydde 333.295 fisk, i hovudsak etter avlusing i kombinasjon med sjukdom, fortel . I det andre anlegget døydde 49.818 laks.Anlegga høyrer til oppdrettsselskapet Bolaks. Mattilsynet meiner verksemda har vore uforsvarleg og at det er sett inn for dårlege og for seine tiltak. Tilsynet meiner difor produksjonen må ned neste gong det skal setjast ut fisk.Bolaks har ifølgje BT svart på varselet og vil unngå redusert produksjon.
(©NPK)

Publisert: 26.02.2016 14:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47