(NPK-NTB): Eit trøyttleiksbrot i girboksen er truleg ein faktor som forårsaka helikopterulykka ved Turøy i slutten av april, der 13 personar mista livet.
Det kjem fram i ein førebels rapport frå Statens havarikommisjon for transport (SHT).
SHT tilrår overfor EASA (European Aviation Safety Agency) at ein straks set i verk tiltak for å sørgje for tryggleiken til helikopter av typen Airbus H225.
– Førebelse funn viser at det kan vere teikn på trøyttleiksbrot i giret, seier direktør William J. Bertheussen i Statens havarikommisjon for transport (SHT) til .
– Vi er i ganske sikre på at vi er inne på ein av årsaksfaktorane og ein viktig ein, seier han. (©NPK)

Publisert: 01.06.2016 22:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46