Underskot og nysatsing for Bakerinnå
Opna nytt bakeri i Ålesund.
Marlen Katrin Hildre-Almstad driv bakeriet og konditoriet Bakerinna i Brattvåg, som i løpet av fjoråret utvida med Ålesund-avdeling på Kremmergaarden.
Der tok dei over lokala til tidlegare Geiranger bakeri.
Les også
I årsrapporten til Bakerinnå-selskapet går det fram at Ålesund-avdelinga gjekk med underskot første halvår i år – men at det er budsjettert med plusstal.
Også for Brattvåg-verksemda vart det eit nytt underskot i fjor – det tredje på rad. Samtidig fekk bakarbedrifta ny redkordomsetning med over tre millionar kroner (sjå tabell under).
I årsrapporten for 2022 skriv leiinga av det er jobba med å endre drifta gjennom å auke kapasiteten.
Samtidig som kostnadene er redusert, er det tilført kapital frå nye eigarar – og eksisterande eigarar har gått inn med lån på 400.000 kroner.
Med god kommunikasjon med kreditorar og ei positiv utvikling, er det grunnlag for vidare drift, er konklusjonen i årsrapporten.
Selskapet sysselsette fire årsverk i fjor.
Bakerinnå As | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 3,1 | 2,9 |
Driftsresultat | -0,1 | -0,15 |
Resultat før skatt | -0,1 | -0,16 |
Publisert: 14.07.2023 12:56
Sist oppdatert: 14.07.2023 13:02