Ann Mari og Jan Erik Soltvedt foto privat 11
NYE DRIVARAR: Ann-Mari og Jan Erik Soltvedt er kjende i Sykkylven frå tidlegare Moritz Bakeri, som blei selt på starten av 2000-talet. No står dei bak Sol Café som opna nyleg. Foto: Privat.
Nytt

Bakarparet startar opp ny drift

Nye drivarar i fleire av lokala etter Geiranger Bakeri-konkursane. I Sykkylven er «kjente ansikt» allereie i gong.

Marius Rosbach
09.02.2023

I kjølvatnet av konkursane i Geiranger Bakeri-selskapa i midten av januar, er det no ny drift i fleire av lokala.

I Sykkylven er Ann-Mari og Jan Erik Soltvedt allereie i gong med «Sol Café» i det som bli omtala som Solvanghuset.

Mange i Sykkylven kjenner ekteparet frå før. Tidlegare dreiv dei familiebedrifta Moritz Bakeri saman med far og bror til Jan Erik. Gjennom 19 år hadde Ann-Mari leiinga ved kafeen og konditoriet.

No har dei kjøpt konkursbuet etter Gb Sykkylven og gjort lokala klare til drift.

Sol Cafe Foto privat 11
NYTT TILBOD: Ekteparet Soltvedt har opna «Sol Café» i det som bli omtala som Solvanghuset i Sykkylven. Foto: Privat

- Heilt fantastisk mottaking
- Vi har fått ei heilt fantastisk mottaking. Vi har hatt over 120 kundar innom kvar dag som har handla, fortel Jan Erik Soltvedt til NETT NO.

Dei har starta med «bake-off»-produkt. Det er fryste bakervarer ein kan tine og ta med heim, eller ete i kafélokala, og kan vere alt frå kneip til wienerbrød.

- Eg har anna jobb ved sidan av, men brukar morgonen til å steike i bakeriet. Vi har ei tilsett på halv tid, også tek vi ting litt etter kvart ut frå korleis drifta utviklar seg, fortel han.

Ny drivar i Kremmergaarden
Geiranger Bakeri hadde to utsal i Ålesund, mellom anna i Kremmergaarden. Her er óg ein ny drivar på veg inn.

Avisa Nordre fortalde først at Marlen Katrin Hildre-Almstad, som driv bakeriet og konditoriet Bakerinna i Brattvåg, skal utvide med Ålesund-avdeling.

- Vi kjem til å flytte mesteparten av produksjonen ut dit. Og det blir spennande å prøve seg på å drive kafé. Det har vi ikkje i Brattvågen, så det gler vi oss til å prøve ut. Vi skal bryne oss på kaffi og frappuccino og greier, fortel ho til avisa.

Dei har vore på utkikk etter lokale i byen i lengre tid. Ho stadfestar til NETT NO at dei skal starte oppe i lokala ved kjøpesenteret som no står tomme.

Geiranger Bakeri Kremmergården stengt foto Marius Rosbach 11
TOMME HYLLER: Her i Kremmergaarden blir det ny drift ved Marlen Katrin Hildre-Almstad, som driv bakeriet og konditoriet Bakerinna. Foto: Marius Rosbach

Fleire interesserte i Volda-lokale
Til saman sju selskap gjekk over ende i Geiranger Bakeri-konkursane. I tillegg til Ålesund og Sykkylven-avdelingane, hadde dei utsal ved Devoldfabrikken i Sula, Geiranger og Volda.

Ved Spinneriet Kjøpesenter er har dei hatt førespurnader frå fleire aktørar som ønsker å drive vidare, fortel senterleiar Jon Heltne til NETT NO.

- Det er gode og attraktive lokale og vi håpar å ha noko klart i løpet av veka. Det er viktig at dei som kjem inn har berekraft og økonomi til å drifte vidare, seier han.

Uavklart ved Devoldfabrikken
Ved Devoldfabrikken i Sula er den vidare drifta i dei romslege bakerilokala førebels uavklart, ifølgje dagleg leiar Jan Erik Nybø om O.A. Devolds Sønner kan om korleis situasjonen er for Sula-lokalet.

- Ei utfordring er at fleire potensielle leigetakarar ventar på ei avgjerd i gondolsaka, fortel han til NETT NO.

Nybø meiner bygging, eller ikkje bygging, av reiselivssatsinga, vil avgjere aktivitetsnivået dei komande åra.

Publisert: 09.02.2023 05:00

Sist oppdatert: 08.02.2023 23:44

Mer om