Kort fortalt

Unio krev meir enn 2,7 prosent

Sjukepleiarane vil ha høgare løn.

12.04.2021

Ramma til frontfaget i lønnsoppgjeret på 2,7 prosent er ikkje nok for Unio, varslar leiar Ragnhild Lied.

Overfor Klassekampen understrekar òg leiar Lill Sverresdatter Larsen i Sjukepleiarforbundet, som er ein del av Unio, at det heller ikkje er godt nok for dei.

– Helsesektoren held på å klappe saman òg i ein normalsituasjon, og vi må ta nokre grep for å sikre kompetanse, seier ho.

Rundt 14 timar på overtid vart LO, YS og NHO søndag ettermiddag samde om lønnsoppgjeret for 2021. Dermed vart ein storstreik hindra. Ramma er på 2,7 prosent, noko som var 0,1 prosentpoeng under LOs krav.

– Denne ramma held ikkje for oss i år, seier Unio-leiar Ragnhild Lied.

– Vi har sagt at vi må ha ei klar reallønnsutvikling i år. Frontfaget er bakteppet for oppgjera som kjem etterpå, men det er ikkje ein fasit, og det er vi tydelege på, legg ho til.

Publisert: 12.04.2021 08:11

Sist oppdatert: 12.04.2021 08:12