Kort fortalt

Selskap blir bokførte med låg verdi

SSB-rapport om formuene til nokre av landets rikaste.

17.08.2022

(NPK-NTB): Verdien på unoterte aksjeselskap er kraftig undervurdert i formuesstatistikken og fører til lågare skatt for dei som eig dei, skriv SSB i ein fersk rapport.

Fleire av Noregs rikaste familiar har organisert eigarinteressene sine i aksjeselskap som ikkje er børsnoterte. Dette dreier seg mellom anna om Reitanfamiliens selskap Reitan AS, Stein Erik Hagens Canica og Christen Sveaas' Kistefos, skriv Klassekampen.

I ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå går det fram at verdien på desse selskapa er kraftig undervurderte i formuesstatistikken når ein samanliknar dei med verdifastsetjinga for børsnoterte selskap. Forskarane i SSB kom fram til at verdien av dei unoterte selskapa var 1,9 gonger så mykje som det ein har lagt til grunn for formuesskatten. I praksis skattar eigarane av desse aksjane berre for rundt 39 prosent av den reelle verdien.

Ifølgje SSB-rapporten utgjorde dei samla verdiane av desse eigedelane i 2018 rundt 4.000 milliardar kroner.

– Vi meiner funna våre tyder på at unoterte aksjar er betydeleg undervurderte i skattesystemet, seier SSB-forskar Martin Eckhoff Andresen til avisa.

I rapporten skriv forskarane at dagens feilaktige verdisetjing aukar forskjellane i formue i samfunnet med meir enn det offisielle målet gir inntrykk av fordi unoterte aksjar er vurderte til likningsverdi.

– Teke i betraktning at unoterte aksjar i stor grad er eigd av dei rikaste, er ei slik verdsetjing antakeleg med på å redusere den effektive formuesskatten på toppen av fordelinga og dermed auke forskjellen, skriv forskarane.

(©NPK)

Publisert: 17.08.2022 10:15

Sist oppdatert: 17.08.2022 11:17

Mer om