(NPK): Talet på småbedrifter som sel naturopplevingar til turistar er aukande. Men ikkje overdriv forventningane, åtvarar forskarar.
Kommersielle aktørar ser ei moglegheit til å tene pengar på til dømes fisking, padling, strikkhopping, klatring og omvisingar på brear. «Naturbasert reiseliv» vert det kalla. Håpet er at opplevingsturisme i Noreg skal bli big business og gi fjellkommunar sårt trengde arbeidsplassar og innbyggjarar.
– Men ikkje overdriv forventningane, åtvarar reiselivsforskarane Birgitta Ericsson og Kjell Overvåg i Østlandsforskning i ein artikkel på nettstaden .
I eit kapittel i boka «Fjellbygd eller feriefjell?» oppfordrar dei til eit meir nøkternt perspektiv og understrekar at det skal ein del ting på plass for å lykkast.
– Det finst absolutt moglegheiter, og det er positivt at mange småbedrifter prøver seg. Men vi ser at styresmaktene ofte har urealistiske forventningar til betydninga naturbasert reiseliv kan ha for arbeidsplassar og busetjing i ein kommune, seier fjellforskar Kjell Overvåg.
Statistikken viser at omfanget av det naturbaserte reiselivet er lite på lokalt nivå.
– Nokre kan få eit levebrød av det, men det er sjeldan å sjå næring som kompenserer for arbeidsplassar som har gått tapt i for eksempel jordbruket, seier Overvåg. (©NPK)

Publisert: 17.12.2015 15:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49