Dei siste ti åra har det berre gått nedover med produksjonen for jordbærbøndene i Valldal-bygda og no blir det stilt spørsmål ved framtida til næringa.
Det fortel jordbærdyrkar og leiar Kristin G. Sandnes i Indre Storfjord Bondelag til Sunnmørsposten.
– Om ikkje noko kan gjerast er vi redd at heile produksjonen blir lagt ned innan få år, men no har vi invitert politikarar og fagmyndigheiter til møte for å informere om krisa før det er for seint, seier ho til avisa.
Ho meiner problema starta for alvor etter vinteren 2013, då store delar av plantene fraus vekk. Manglande plantevernmiddel til å handtere snutebille, er óg ei utfordring. I 2009 blei det produsert over 700 tonn bær i Valldal, medan det i sommar var nede i 200 tonn.
Måndag blir det jordbærkonferanse med fagfolk, bønder og politikarar i Valldal, der det vil bli lagt fram ein rapport om årsakene til nedgangen, og moglege tiltak.
Publisert: 18.11.2024 11:43
Sist oppdatert: 18.11.2024 11:43