Kort fortalt

Usamde om pensjon

Pensjonssamarbeid mellom LO og NHO i vasken.

12.02.2016
(NPK-NTB): LO-leiar Gerd Kristiansen og NHO-sjef Kristin Skogen Lund har lenge arbeidd for ei storstilt omlegging av pensjonssystemet, men arbeidet har no stranda.
Ifølge har Lund og Kristiansen jobba på spreng for å få støtte til å greie ut ei enkel og overbyggande pensjonsordning som skal gjelde både for offentleg og privat sektor. Målet har vore ei ordning som er så enkel at folk faktisk forstår pensjonen sin.
Men planane har ifølge avisa møtt tydeleg motstand både i LO-forbund og i NHO-foreiningar, blant anna fordi leiinga jobba utan eit tydeleg mandat frå organisasjonane. I tillegg har LO-leiar Gerd Kristiansens utspel om at ho ønsker å løfte pensjonsspørsmåla ut av oppgjeret i år blitt møtt med irritasjon internt.
Torsdag omtalte Klassekampen samtalane mellom toppleiinga i dei to organisasjonane, noko som skal ha løyst ut ytterlegare uro.Etter eit møte mellom Kristiansen og Lund i NHO-bygget i Oslo torsdag ettermiddag, blei dei samde om å sende ut ei melding om at arbeidet ikkje lykkast, ifølge VG. (©NPK)

Publisert: 12.02.2016 08:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48