Kort fortalt

- Usannsynleg med større samlingar i år

Det seier helsedirektøren.

16.04.2020
NPK-NTB: Fysiske samlingar på mellom 30 og 100 personar er usannsynleg i 2020, ifølgje helsedirektør Bjørn Guldvog.
– Er vi kjempeheldige, så kan det kanskje skje i haust ein gong, men eg trur det er usannsynleg, sa direktør Bjørn Guldvog i Helsedirektoratet, ifølgje .
Utsegna kom på eit webseminar i regi av NHO.
Det er nødvendig å ha kontroll på smittespreiinga «ei god stund» før ein kan samlast i slike grupper, sa han
Guldvog stadfestar utsegna overfor Dagen.
– Sitatet er rett, og vurderinga mi er at forbodet mot større forsamlingar kan kome til å vare lenge, men det er knytt fleire atterhald og uvisse til denne vurderinga, skriv han i ein e-post.
Helsestyresmaktene bør ikkje leggje skjul på at det er usannsynleg at alt vil vere normalt att like over sommaren, meiner han.
– Men til denne vurderinga er det knytt uvisse, og dersom fleire forhold utviklar seg i rett retning, kan desse avgrensingane òg vare kortare, skriv helsedirektøren.

Publisert: 16.04.2020 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28