(NPK-NTB): YS og Virke støttar ikkje forslaget frå LO og NHO om å utvide tida som permitterte kan få dagpengar.
– Å auke permitteringslengda er ei merkeleg passiv haldning. Ei slags vente og sjå-haldning. Under finanskrisa var dette rett medisin, men no er vi på veg inn i ei langsiktig og varsla omstilling. Då må vi sørgje for at arbeidsmarknaden tilpassar seg den nye situasjonen, seier Virke-direktør Vibeke Hammer Madsen til VG.
LO og NHO har bedt regjeringa auke høve til å permittere tilsette for å motverke aukande arbeidsløyse. LO krev at tida permitterte kan få dagpengar blir utvida frå 30 til 52 veker.
Men LOs-konkurrent YS og NHO-veslebror Virke meiner dette ikkje vil hjelpe i den situasjon oljenæringa er i.
– Permisjon er ein viktig mekanisme ved kortare konjunktursvingningar når ein skal tilbake til full jobb og full lønn. Men no fryktar vi at mange vil gå permitterte i eit helt år før dei likevel blir sagt opp. Dette er verken bra for samfunnet eller den enkelte, seier YS-leiar Jorunn Berland. (©NPK)

Publisert: 19.02.2016 09:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48