(NPK-NTB): Kvar femte arbeidstakar er usikker på kva slags tilknyting han eller ho har til arbeidslivet fem år fram i tid.
Mange av dei usikre tvilar på om helsa held slik at dei kan stå i jobb om fem år, viser YS' arbeidslivsbarometer for 2015.
– Dette er eit urovekkjande høgt tal, seier YS-leiar Jorunn Berland til NTB.
Undersøkinga blir gjennomført kvart år av Arbeidsforskingsinstituttet på oppdrag for Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS). Over 3.000 arbeidstakarar deltar i undersøkinga.
Høgt utdanna med høg inntekt er mindre uroa enn dei med låg utdanning og låg inntekt. (©NPK)

Publisert: 13.10.2015 09:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50