NPK-NTB: Kompensasjonsordninga for koronaramma bedrifter er ei tillitserklæring som bedriftene må vise seg verdige til, meiner NHO.
– Ingen må misbruke ordninga, både av omsyn til fellesskapen og til alle bedrifter som treng ordninga, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid i ei pressemelding.
– Her blir midlane frå fellesskapen stilte til disposisjon. Det er ei tillitserklæring som bedriftene sjølvsagt må vise seg verdige. Målet med ordninga er å få arbeidsplassar og sunne bedrifter gjennom krisa. Vi vil følgje nøye med og gå inn for å tilpasse ordninga viss ho ikkje treffer dei bedriftene ho er meint å treffe, fullt ut, eller viss ho har utilsikta verknader, seier han.
Arbeidsgivarorganisasjonen Virke kallar vedtaket om kontantstønad til bedriftene for det viktigaste enkeltvedtaket Stortinget nokosinne har gjort, men peikar samtidig på at det trengst meir.
− Krisa for norsk økonomi vil ikkje vere over på lang tid enno, derfor må vi vere førebudde på at det vil vere nødvendig med fleire tiltak i tida framover. Men i dag er vi først og fremst glade for at Stortinget har gjort eit historisk vedtak, seier Virke-direktør Ivar Horneland Kristensen.
NHO og Virke var saman med SMB, LO og Finans Norge med på å jobbe fram innretninga i forslaget om kontantstønaden. Med enkelte justeringar vedtok Stortinget forslaget tysdag.

Publisert: 07.04.2020 12:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28