Kort fortalt

Utanlandsk vindkraftdominans

No er 69 prosent av norsk vindkraft eigd av utlendingar.

19.05.2023

Sju selskap eig over halvparten av den installerte effekten, berre to av dei sju selskapa er norske.

Det viser ein analyse gjort av Europower , som har gått gjennom eigarskapen i norske vindparkar med utgangspunkt i NVEs vindkraftdatabase.

Dei 65 norske vindparkane er eid to tredelar av utanlandske selskap. Den norske tredelen er ganske jamt fordelt mellom staten, kommunane og private.

Dei to norske selskapa er Statkraft og Trønderenergi/Aneo.

Statkraft eig eller kontrollerer til saman 13 prosent av den installerte effekten for norsk vindkraft. Om alle kraftverka produserer normalt, utgjer Statkrafts eigardel knapt 12 prosent av den faktiske vindkraftproduksjonen.

På andreplass kjem eit offentleg eid tysk selskap: Stadtwerke München GMBH. Dette selskapet har eigarmajoriteten i ti norske vindparkar; åtte i Trøndelag og to i Innlandet.

På den siste plassen på pallen finn vi Oyfjellet Wind Holdco SARL, eit investeringsfond med adresse i Luxembourg. Selskap med adresse i Luxembourg eig 19 prosent av norsk vindkraft, rekna som del av total kapasitet.

Publisert: 19.05.2023 06:56

Sist oppdatert: 20.05.2023 05:41

Mer om