Kort fortalt

Utsetter grunnrenteskatt på vindkraft

11.05.2023

(NPK-NTB): Iverksetjinga av grunnrenteskatten på havvind blir utsett til 2024, melder regjeringa.

Opphavleg skulle grunnrenteskatten ha verknad frå 2023.

Regjeringa har likevel utsett iverksetjinga etter innspel i høyringsrunden.

– Lokalsamfunn og fellesskapet bør få ein rettferdig del av verdiar skapt frå dei felles naturressursane våre. Samtidig må vi vurdere høyringsinnspel og lovreglar nøye før eit forslag kan fremjast for Stortinget, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

I lys av mellom anna innspel frå høyringa, tek regjeringa no sikte på å fremje forslag om grunnrenteskatt på landbasert vindkraft for Stortinget i løpet av haustsesjonen 2023, med verknad frå inntektsåret 2024.

Saman med forslaget om grunnrenteskatten på vindkraft vart det i budsjett for 2023 vedteke auke av produksjonsavgifta for vindkraft til 2 øre per kWh frå 1. januar 2023. Denne avgiftsauken blir ikkje påverka av utsetjinga for grunnrenteskatten, og vertskommunane vil dermed få auka inntekter som planlagt.

Publisert: 11.05.2023 09:22

Sist oppdatert: 11.05.2023 09:22

Mer om