Kort fortalt

Utvidar oljebase mot bykjernen

Eit klart fleirtal i Flora bystyre seier ja til å utvide oljebasen vestover mot sentrum.

Ivar Myklebust Longvastøl
29.01.2014
Ein langvarig og hard politisk strid ser dermed ut til å vere avgjort.
Fjord Base huser Statoils Europa-lager for røyr og ønskjer meir plass.
Eit fleirtal på 23 representantar frå Arbeidarpartiet og Høgre røysta for utviding både mot vest og aust. Eit mindretal på 12 frå Venstre, SV og Sp røysta mot det vestlege alternativet.
– Florø misser mykje av det byen har vore, om ein byggjer ut mot vest. Ungdommen som flyttar ut, vil ikkje heim til ein by som er bygd opp av røyr, sa Mathias Stang frå Arbeidarpartiet, utbrytar frå eige parti, ifølgje avisa Firda. Les meir

Publisert: 29.01.2014 07:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22