(NPK): Ei ny miljøhamn i Valldal ved Storfjorden på Sunnmøre kan bli ei god avlasting for den aukande cruisetrafikken til verdsarvfjorden Geiranger.
– Ei løysing med straum frå land gjer at skipa ikkje treng å nytte dieselmotor mens dei ligg inne i fjorden. I Valldal går kraftlinja like ved,og det er mogleg å få til ei løysing med straum til skipa, seier ordførar Arne Sandnes (Ap) i Norddal kommune til Sunnmørsposten.
Planane om det som kan bli eit pilotprosjekt for verdsarvfjordane med ei flytekai med landstraum, vart lanserte på eit seminar i Valldal før helga. (©NPK)

Publisert: 13.06.2016 15:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45