Forsikringsselskapet Knif Trygghet Forsikring er dømt til å betale kostnader for nær ein million kroner til ein husiegar for skader etter eit lynnedslag, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Det var hausten 2023 eit kraftig lyn slo ned og gjorde store skadar på huset til sunnmørsmannen.
Jobben for å utbetre skadene kom på kring 920.000 kroner – men den nekta forsikringsselskapet å betale.
Etter at selskapet var villige til å betale 400.000 kroner i ei mekling tidlegare i år, må dei no betale over dobbelt så mykje, ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett.
Selskapet har ikkje teke stilling til om dei vil anke dommen, som førebels ikkje er rettskraftig.
Publisert: 29.09.2025 16:11
Sist oppdatert: 29.09.2025 16:11





