Kort fortalt

Vanskeleg å halde Ernas skatteløfte

Tilbakemelding frå Høre-ordførarar.

04.09.2023

(NPK-NTB): Erna Solberg lovar at Høgre-kommunar skal halde gebyr, avgifter og skattar nede dei neste fire åra. Det kan bli vanskeleg, meiner ordførarar.

På eitt område har Erna Solberg gitt eit klokkeklart valløfte på vegner av kommunane: – Nivået på eigedomsskatt, kommunale avgifter og gebyr skal haldast nede der vi får ordføraren, sa Solberg til VG i sommar.

Aftenposten har snakka med seks Høgre-ordførarar. Fem av dei seier prisvekst, behov for auka investeringar i vatn og avløp og nye EU-reglar gjer det krevjande å innfri løftet om å halde avgiftene flatt dei neste fire åra.

Norsk Vann publiserte ein rapport i 2021 som estimerer at kommunane i landet har eit investeringsbehov på 332 milliardar innan vatn og avløp fram til 2040.

Kommunepolitisk talsperson Mudassar Kapur i Høgre seier i ein kommentar til Aftenposten at det er summen som tel.

– Løftet vårt er å halde summen av kommunale skattar, avgifter og gebyr nede. I mange kommunar går vi til val på å fjerne eller redusere eigedomsskatten, og det vil gi eit viktig bidrag til å halde nivået nede.

(©NPK)

Publisert: 04.09.2023 12:34

Sist oppdatert: 04.09.2023 12:34

Mer om