Kort fortalt

Vard teiknar isbrytar

Vard inngår designkontrakt med den chilenske marinen.

01.02.2016
Vard sitt dotterselskap Vard Marine, med kontor i USA og Canada, skal teikne eit 125 meter langt skip for den chilenske marinen.
Skipet skal byggast for bruk i Sørishavet og utrustast for bruk til redningsaksjonar, vitskaplege ekspedisjonar og forsyningstenester til Chile sine basar i Antarktis.
Fartyet skal kunne bryte seg gjennom ein meter tjukk is.
Fartyet skal byggast hos ASMAR Shipbuilding & Ship Repair Company i Chile. Skipet skal vere ferdig i 2021.
Verdien på kontrakten er knappe 40 millionar kroner.

Publisert: 01.02.2016 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48