Vard trio Gisle Anderssen Hans Tore Jenssen Thomas Pedersen
FORFREMMA: Frå venstre: Gisle Anderssen, Hans Tore Jenssen og Thomas Pedersen. Foto: Vard
Kort fortalt

Vard-trio forfremma

Marius Rosbach
02.01.2024

Vard-leiarane Gisle Anderssen, Hans Tore Jenssen og Thomas Pedersen er alle forfremma til senior vice presidents. Det opplyser skipsbyggjarkonsernet i ei melding.

Gisle Anderssen har jobba i Vard Electro sidan 2019, no sist i rolla som vice president sales & marketing. Frå årsskiftet rykker han opp i same avdeling.

Hans Tore Jenssen starta i Vard Electro i 2017 og har sist vore vice president for elektriske installasjonar. Den nye stillinga er i same avdeling.

Thomas Pedersen kom til Vard i 2022 som vice president business development, og er forfremma i same avdeling frå 1. januar.

Publisert: 02.01.2024 15:17

Sist oppdatert: 02.01.2024 15:17

Mer om