Mest lest 2023
FIRE PÅ TOPP: Dei mest lest nyheitssakene på NETT NO i 2023 var saka om generasjonsskifte i Aalesund Protective Wear-konsernet (oppe t.h.), Vard sin tredje milliardkontrakt på kort tid (oppe t.v.), rekordåret til fabrikktrålaren Ramoen (nede t.v.) og skatteuro hos fleire familiebedrifter (nede t.h.). Foto/illustrasjon: Ogne Øyehaug/Marius Rosbach/Vard
Nytt

Mest leste NETT NO-nyheitene i 2023

Gode resultat og milliardavtaler - men også skatteuro - pregar årets toppliste.

31.12.2023

Sjå under - heile lista over dei mest leste nyheitssakene på NETT NO i 2023

Den mest leste nyheitssaka på NETT NO i 2023 var intervjuet med Martine Aakre, som saman med søskena, har teke styringa i Aalesund Protective Wear-konsernet. Her fortalde ho om ei bratt læringskurve - og vekst - for familiebedrifta i Ålesund.

Positive nyheiter frå næringslivet på Nordvestlandet blir alltid godt motteke av NETT NO-lesarane, og 2023 var ikkje noko unntak.

Vard-konsernet sin tredje milliardkontrakt på ti dagar, kom på 2. plass over dei mest leste nyheitssakene i år. Saka var mellom ei rekke gode nyheiter frå den maritime industrien på tampen av året.

Ramoen sitt kjempeår i 2022 – og utsiktene for eit nytt godt år i 2023, var den 3. mest leste nyheita på NETT NO i fjor. Fabrikktrålaren frå Ørsta har styrka overskotet kraftig, og nyttar samtidig råstoffet til produksjon av fiskemjøl og -olje.

Også 4. plassen på årets toppliste, var ei positiv nyheit frå den maritime industrien, med Vegsund Slip som styrte mot sit 25. år med overskot. Sula-bedrifta har i fleire år vore mellom dei mest lønnsame av verfta.

Skatt har vore eit tema som har engasjert på ulike måtar gjennom året. Ingvild Vartdal og Knut Flakk fortalde at fleire er usikre på generasjonsskifte etter skatteskjerpingane på bedriftseigarar. Det vart årets 5. mest leste sak.

Det mest leste synspunktet på NETT NO i 2023, vart Lars Oscar Fossen Øvstegård sitt innlegg om kvifor han vil gå til sak mot staten på grunnlag av formuesskatten. Også Karl Inge Rekdal sitt innlegg om at tilliten mellom næringslivet og politikarar var i ferd med å forvitre, blei godt lest – og hamna på plassen bak.

Alle synspunkt på NETT NO blir lagt ut ope, slik at også dei som ikkje er abonnentar kan lese.

Den opne meldinga om at medgrunnleggar, kollega og vår gode ven, Kjetil Haanes, døydde i juni etter lengre tids sjukdom, var den mest leste artikkelen i 2023, men er halde utanfor nyheitsoversikta.

Dei 20 mest leste nyheitssakene i 2023

Nyheitssakene på NETT NO er i utgangspunktet for abonnentar. I samband med denne artikkelen er sakene gjort tilgjengeleg for alle.

Nett no magasinet 2023
ÅRLEG MAGASIN: Kvart år gir NETT NO ut eit magasin som tar «tempen» på næringslivet på Nordvestlandet.

Publisert: 31.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2023 15:27