Alberto Maestrini Vard Langsten Foto Marius Rosbach
IKKJE LENGER LEIARTRIO: Vard-sjef Alberto Maestrini ombord på kystvaktskipet KV Bjørnøya, som vart døypt ved Vard Langsten i starten av november i år . Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vard omorganiserer

Samlar all skipsbygging under ein sjef.

11.12.2023

I sommar har gjekk Vard vekk frå å ha ein leiartrio, med ein sjef for bygging av cruisefartøy og ein sjef for bygging av offshore- og spesialskip, som rapporterte til toppsjefen, Alberto Maestrini.

Dei to leiarrollene under Maestrini er borte.

Fredrik Mordal Hessen, som leidde forretningsområdet offfshore- og spesialskip i Vard, skifta nyleg jobb og byrja l Ålesundbedrifta Anda-Olsen.

Målet er effektivisering. Omorganiseringa er ein del av det kontinuerlege arbeidet for å forbetre drifta, ifølgje Kjetil Clementsen, HR-sjef Norge i Vard.

Skal bygge same slags skip
Omorganiseringa betyr ikkje ei omlegging av kva skip Vard satsar på. Der blir det inga endring, og Vard er framleis interessert også i cruiseskipsmarknaden, ifølgje Clementsen.

Dei siste åra er det imidlertid forretningsområdet offshore- og spesialskip som har dratt inn nye kontraktar, mellom anna frå vindkraftsmarknaden og fiskebåtreiarar.

Rapporterer som før
Vard er eigd av det italienske skipsbyggingselskapet Fincantieri som rapporterer tal for dei to forretningsområda skipsbygging og offshore- og spesialskip også i tredje kvartal i år.

Forretningsområdet skipsbygging omfattar all skipsbygging Fincantieri gjer på eigne verft, frå store cruiseskip til marinefartøy - og også cruiseskip bygd hos Vard.

Forretningsområdet offshore- og spesialskip er ein reindyrka Vard-verskemd, sidan skipa i denne katergorien alle blir bygd på ulike Vard-verft.

I byrjinga av november i år, sa Vard-sjef Alberto Maestrini til NETT NO at Vard arbeidde med ei rekkje nye cruiseprosjekt.

Publisert: 11.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 10.12.2023 19:45

Mer om