NPK: Patentstyret fekk i alt 4.447 søknader om einerett på nye varemerke i fjor. Det er rekord etter ein stigande trend som går heilt tilbake til 2004.
Søknadstala på patent og design var meir stabile. Patentstyret fekk 1.160 søknader om patent på norske oppfinningar, noko som er nær gjennomsnittet dei siste åra. Talet på søknader om einerett til design auka varsamt til 278 søknader, fortel Patentstyret i ei pressemelding.
– Vi er godt fornøgde med søknadsinngangen i fjor, og vi aner òg interessante tendensar bak tala, seier direktør Per A. Foss i Patentstyret. Foss viser til eit stigande tal patentsøknadar innanfor akvakultur og havbruk.
– Dette er næringar der Noreg har store utviklingsmoglegheiter, og interessa for patentering av teknologi på dette området viser vilje til å satse på desse fagfelta framover, seier Foss.

Publisert: 16.01.2018 14:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40