Kort fortalt

Varslar kostnadseksplosjon

Nav: – Trygdekostnader kjem til å skyte til vêrs

29.01.2018
NPK-NTB: Ei undersøking Nav har gjennomført anslår at Nav-utbetalingane i 2060 vil ha auka til mellom 20 og 90 milliardar kroner.
Spriket på 70 milliardar er forskjellen mellom ein stor auke i befolkninga og ein låg vekst i talet på innbyggjarar, melder .
Konklusjonen i dei nye prognosane frå Nav er at Noreg treng mange fleire innbyggjarar som jobbar.
– Tyngda av trygdene blir størst dersom veksten i befolkninga blir liten. Då blir det færre som får ytingar, men også færre som jobbar. Vi kjem relativt dårlegast ut med låg vekst i befolkninga, seier seksjonssjef Ole Christian Lien i Nav.
Det er alderspensjonane som blir den største utgiftsposten til Nav framover, mens sjukepengar, uføretrygd og arbeidsavklaringspengar ifølgje utrekningane til Nav vil liggje på eit ganske stabilt nivå.
Arbeidsgjevarforeininga Spekter – som organiserer statlege verksemder som Posten, sjukehusa og NRK – håpar at rapporten gir politikarane «eit spark bak» og at dei sørgjer for at dei som faktisk kan jobbe meir, gjer det.
Administrerande direktør i Spekter Anne-Kari Bratten meiner at både sjukefråværet og uføregraden må ned. Ungdom må begynne å jobbe tidlegare og seniorane må jobbe lenger før dei går av med pensjon, seier ho til NRK.
SVs Karin Andersen meiner at det ikkje er så enkelt.
– Det hjelper ikkje å kutte trygda for å få fleire i jobb. Arbeidslivet må også gi plass til folk som vil og kan jobbe. Då må fordommar mot folk som slit, bort, seier ho.

Publisert: 29.01.2018 14:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40