(NPK-NTB): – Styresmaktene må kome med ein krisepakke, seier administrerande direktør Trond Viding Tvedt i Risa til
Dei fem selskapa Risa, Stangeland Maskin (TS), Rygg Maskin, Bjelland Entreprenør og Nordbø Maskin sende tysdag ettermiddag ei pressemelding der dei varslar om permisjonar.Tvedt etterlyser ei meir offensiv haldning til problemet frå styresmaktene si side.
– Dette er ein situasjon både Risa og Stangeland Maskin har varsla lenge, men utan at noko har skjedd, understrekar han.
Talet permisjonar er førebels ukjent. Til saman har dei fem selskapa over 1.000 tilsette.
– Vi skulle gjerne ha tilsett ledige ingeniørar frå oljebedriftene på Forus, og kunne også hatt god bruk for dei. Men no har vi ikkje oppdrag som gjer det mogleg, slår Trond Viding Tvedt fast. (©NPK)

Publisert: 01.12.2015 17:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49