Vedlikehald av bruer i Stryn og Eid
Vegvesenet set i verk vedlikehald av ti bruer i Sogn og Fjordane
Snart set Statens vegvesen i verk vedlikehald av ti bruer i Sogn og Fjordane i Vestland.
Det skal skiftast rekkverk og fundament. I tillegg skal det utbetrast betongskadar, opplyser Vegvesenet i ei pressemelding.
Arbeidet blir sett i verk i vår, og skal vere fullført innan november 2024. Det er sett av 60 dagar til kvar bru, og arbeidet vil i hovudsak utførast på dagtid. Fleire av strekningane vil bli innsnevra til eitt køyrefelt i heile eller deler av anleggsperioden.
Desse bruene skal utbetrast:
Sag, Årskog og Holmøy bru på E39 i Eid
Torvik og Skårhaug bru på rv. 15 i Eid
Eide II og Øvstefoss bru på rv. 15 i Stryn
Hallinggrov bru I på E16 i Aurland
Bærelva bru på rv. 5 i Naustdal
Aven bru på E39 i Høyanger
(©NPK)
Publisert: 23.03.2022 13:53
Sist oppdatert: 23.03.2022 13:54