Kort fortalt

Vedum lovar meir i straumstøtte

Men seier ikkje kor mykje.

04.08.2022

Straumstøtta skal aukast, lovar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Allereie i august kan regjeringa komme til Stortinget med eit forslag.

Det seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til TV 2.

– Det kan godt hende at vi i august vil ønskje å komme med ei sak til Stortinget, seier han.

– Det er også mogleg å vedta noko utpå hausten som kan ha tilbakeverkande kraft, føyer han til.

Regjeringa har vore under hardt press lenge på grunn av rekordhøge straumprisar og jobbar no på høggir med ordningar for både hushald og bedrifter, og dessutan sikring av straumforsyninga.

Måndag blir det klart om Stortinget skal hasteinnkallast om saka, slik eit fleirtal av dei folkevalde har gått inn for.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum kan allereie nå lóve at folk vil få dekt meir av straumrekninga framover.

– Vi jobbar med grep for å auke og styrkje straumstøtta. Ordninga skal betrast ytterlegare samanlikna med i dag og gi større lettar til kvar enkelt straumkunde, seier Sp-leiaren til Dagbladet.

Kor mykje støtta skal aukast, seier han likevel ikkje noko om.

Publisert: 04.08.2022 14:22

Sist oppdatert: 04.08.2022 14:23

Mer om