Vedum trur prisveksttoppen er nådd
Meiner norsk økonomi er i mykje tryggare farvatn i år enn i fjor.
(NPK-NTB): Regjeringa vurderer at prisveksten vil vere på veg ned om nokre månader. – Det legg vi til grunn i statsbudsjettet, seier finansministeren.
– Vi meiner at det er mykje meir stabilt farvatn for norsk økonomi. Og at vi stabiliserer prisveksten på det nivået vi er på no i ein liten periode, og at vi skal ned i 2024, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Tysdag heldt han sitt såkalla «augustforedrag», der han teikna opp linjene for neste års statsbudsjett.
Vedum var tydeleg på at både Statistisk sentralbyrå (SSB), Noregs Bank og Finansdepartementet no reknar med at prisveksten snart skal nedover.
– Vi meiner at vi i nokre månader til vil ha framleis ganske høg prisvekst. Men at vi er ved toppen og på veg ned. Det er veldig, veldig bra. Det er det vi legg til grunn når vi lagar budsjettet, seier Vedum.
I tillegg viser analysane at arbeidsløysa vil halde seg låg, på rundt to prosent framover, ifølgje finansministeren.
– Vurderinga er at vi kan få til ei mjuk landing i staden for ei krasjlanding, seier Vedum.
(©NPK)
Publisert: 29.08.2023 14:37
Sist oppdatert: 29.08.2023 14:37