Kort fortalt

Vegane til Geiranger er stengde

Stor rasfare stenger vegar.

12.01.2022

Frå klokka 20 onsdag blir vegen stengd mellom Eidsdal og Geiranger på grunn av rasfare. Frå før er Langvatn-Geiranger vinterstengt.

Dermed er det ingen veg inn eller ut av Geiranger i Stranda kommune open.

På grunn av rasfare stengjer Statens vegvesen vegen mellom Eidsdal og Geiranger i Stranda kommune på grunn av rasfare. Vegen blir stengd ved Indreeide, skriv Summørsposten.

Ifølgje Vegvesenet skal det gjerast ei ny vurdering klokka 10 torsdag.

Frå før er vegen mellom Langvatn-Geiranger vinterstengt.

Avisa skriv at det vil gå ferje mellom Hellesylt og Geiranger.

Publisert: 12.01.2022 17:03

Sist oppdatert: 12.01.2022 17:05

Mer om