Kort fortalt

Vegvesenet kuttar

Vegvesenet kuttar tilsette og konsulentar, men ikkje i vest.

19.12.2016
NPK: Vegvesenet skal bruka 370 millionar kroner mindre på konsulentar i 2017, og skal kutta 181 stillingar. Men dei treng fleire tilsette i vest.
– Me legg opp til å justera bemanninga med naturleg avgang, seier Terje Moe Gustavsen.
Han trur det går greitt, fordi Statens vegvesen skiftar ut 400 tilsette kvart år. Til saman var 7.313 tilsett i Vegvesenet i år.
Årsaka til kutta er at Vegvesenet kjem til å omsetja for seks prosent mindre i 2017 enn i 2016. I tillegg til at omsetnaden går ned, kjem tyngdepunktet til å flytta seg vestover.
Difor kjem Vegvesenet til å tilsetja fleire i Region Vest, medan dei kuttar i regionane i aust, nord og sør. I Midt-Noreg kjem talet på tilsette til å vera stabilt.
Etter planen skal Vegvesenet kutta ti prosent i alle tenestekjøp, som i hovudsak gjeld konsulentar. Det svarar til 370 millionar kroner.

Publisert: 19.12.2016 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43