Kort fortalt

Veksande laksesjukdom

Skal forske på hjartesprekk hos laks.

22.01.2016
(NPK): Veterinærinstituttet skal leie ei forskingssatsing som ser nærare på sjukdommen «hjartesprekk» hos oppdrettslaks.
Kardiomyopatisyndrom eller «hjartesprekk» er eit aukande problem i oppdrettsnæringa. Sjukdommen tek livet av slakteklar oppdrettslaks, fortel på eigen nettstad. Hos fisk med denne sjukdommen kan betennelse føre til at hjarteveggen blir så skjør og tynn at hjartet sprekk. I tillegg til følgjer for fiskevelferden, er «hjartesprekk» ein av sjukdommane som rammar næringa hardast økonomisk sett.
Fiskeri- og Havbruksnæringas forskningsfond (FHF) og næringa sjølv finansierer forskingssatsinga leidd av Veterinærinstituttet. Forskarane skal sjå nærare på spreiing, risikofaktorar og korleis sjukdomen artar seg. Pharmac Analytic AS, Marine Harvest, Salmar, Lerøy Seafood og Cermaq er samarbeidspartnarar. (©NPK)

Publisert: 22.01.2016 14:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48