Kort fortalt

Vellukka solbærdyrking på Stadlandet

Mange var skeptiske, men utan grunn.

25.11.2019
NPK: Fagfolk var skeptiske og åtvara dei då Elisabeth Borgund Hartmann og Arild Ole Borgund Iversen ville dyrka solbær på det vêrharde Stadlandet. Men ekteparet har gjort dystre spådommar til skamme.
På seks år har dei planta til saman 4.000 solbærbuskar på garden Borgundvåg på Stadlandet, fortel . Av solbæra lagar dei sylteøy, saft og gele. I tillegg lagar dei juice av aroniabær som dei har planta som ly for solbærbuskane. På sikt er målet at frysetørka bær skal vera det viktigaste produktet.
– Vi kjem ikkje til å leva av det, men vi håpar at dei som kjem etter oss finn ut at dette kan vera ein bra jobb, seier Iversen til kanalen.

Publisert: 25.11.2019 16:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31